Me skal vere her i San Juan del sur i 4 netter før me tar turen til Isla de Ometepe. Isla de Ometepe består av to vulkanar som ligg midt i Lago de Nicaragua.
No kjem eg til å legge inn litt bilder frå dei siste vekene, sidan eg er så pliktoppfyllande når det gjelder å oppdatere deko på heimefronten. :)
Seinare vil det kome bilder frå påsken.
På Kino i Leòn:
Ofte får me behov for å flykte til "kaldere strøk" og då er kinoen det beste alternativet. :) Her er det ca 15 grader, og det er ein svær kontrast frå kvardagen ellers i 40 varmegrader. Så då er det fram med sokkane, varm gensar og ikkje minst bukse og skjerf. ;)
Tur til Esteli
For to helger sidan reiste ped-klassen til Esteli. Esteli er ein by som ligg litt lengre Nord i Nicaragua og høgare oppi fjella. Så når eg først er inne på temaet "temperatur" er det verdt å nevne at i Esteli var det ein mykje meir behagelig og sval temperatur i forhold til Leòn. Leòn er forøvrig kjent for å vere den varmaste byen i heile Nicaragua..
I Esteli besøkte me ein organisasjon som heiter Funarte. Funarte jobber for barn og ungdom i alle aldre og har som hovedfokus å bedre utdanningskvaliteten for Nicarguanske barn. Dei jobbe for at barna skal få bruke kunst som uttryksform for å blant anna uttrykke vanskelige følelsar og opplevingar. Den dagen me var der hadde dei om temaet vald i familien. Først blei barna delt i ulike aldersgrupper og hadde litt ulike innfallsvinklar til temaet. Den gruppa eg var med (dei minste barna) blei først fortalt eit eventyr som indirekte omhandla vald, og så hadde dei ein oppsummerande samtale etterpå. Etterpå fekk barna komma inn og uttrykka sine opplevingar med fargar og papir.
Her kjem litt bilder frå dagen vår på Funarte.
På lørdagskvelden var heile ped-klassen invitert opp på verandaen til vår kjære ped lærar. :) Me hadde ein koselig kveld med samtalar om våre opplevingar knytta til det me hadde opplevd på Funarte. I tillegg koste me oss med Pizza, øl, musikk og litt dramatisering. ;) Med andre ord, ein vellykka og variert kveld med noko attåt!
Nydelige jenter i solnedgangen. :)
Haha.. nydelige jenter + kjetil i solnedgangen. ;)
Guttaboys. :)Dei to einaste guttane i klassen. Glad for at me har dei. :) Vidar og Kjetil.
Glade nordlendingar med tørrfisken på plass. :)
Meg og mi kjære Trine Lise! :)
Etter mange gode samtalar og mykje moro på verandaen til Sonja, tok me beina fatt for å sjekke om utelivet i Esteli kunne måle seg med utelivet i Leòn. Det kunne det selfølgelig ikkje! Men det stoppa ikkje oss frå å ha det moro fordi. :)
Jenny og Katrine; mine herlige kompanjongar for kvelden. :)
Ei knapp veke etter turen til Esteli reiste me på ei ny utflukt til ein Kaffifarm nord i Nicaragua i nærheten av byen Matagalpa. :) Men den historien får du høyre meir om i neste blogginnlegg. ;)
Hasta luego!