lørdag 27. mars 2010

Nye inntrykk, nye innlegg. ;)

No har eg hatt ein slapp periode på bloggfronten, det har vore litt deilig egentlig. Da e litt tetak å ha blogg må deko forstå. ;) Men uansett, no har eg PÅSKEFERIE og har fått besøk av lars. :) Kjempe koselig. Me har vore to netter på eit hotell i Leòn, og Lars har fått opplevd det eg vil kalla for "det ekte Nicargua". No har me uansett forflytta oss til "turist-nicaragua" nærmare bestemt San Juan del Sur. San Juan del sur ligger nesten heilt sør i Nicaragua, nærma grensa til Costa Rica. Her bur me hos eit hyggelig par som leiger ut leilighetar., Sentralt, og heilt topp for oss!

Me skal vere her i San Juan del sur i 4 netter før me tar turen til Isla de Ometepe. Isla de Ometepe består av to vulkanar som ligg midt i Lago de Nicaragua.

No kjem eg til å legge inn litt bilder frå dei siste vekene, sidan eg er så pliktoppfyllande når det gjelder å oppdatere deko på heimefronten. :)
Seinare vil det kome bilder frå påsken.

På Kino i Leòn:



Ofte får me behov for å flykte til "kaldere strøk" og då er kinoen det beste alternativet. :) Her er det ca 15 grader, og det er ein svær kontrast frå kvardagen ellers i 40 varmegrader. Så då er det fram med sokkane, varm gensar og ikkje minst bukse og skjerf. ;)



Tur til Esteli

For to helger sidan reiste ped-klassen til Esteli. Esteli er ein by som ligg litt lengre Nord i Nicaragua og høgare oppi fjella. Så når eg først er inne på temaet "temperatur" er det verdt å nevne at i Esteli var det ein mykje meir behagelig og sval temperatur i forhold til Leòn. Leòn er forøvrig kjent for å vere den varmaste byen i heile Nicaragua..

I Esteli besøkte me ein organisasjon som heiter Funarte. Funarte jobber for barn og ungdom i alle aldre og har som hovedfokus å bedre utdanningskvaliteten for Nicarguanske barn. Dei jobbe for at barna skal få bruke kunst som uttryksform for å blant anna uttrykke vanskelige følelsar og opplevingar. Den dagen me var der hadde dei om temaet vald i familien. Først blei barna delt i ulike aldersgrupper og hadde litt ulike innfallsvinklar til temaet. Den gruppa eg var med (dei minste barna) blei først fortalt eit eventyr som indirekte omhandla vald, og så hadde dei ein oppsummerande samtale etterpå. Etterpå fekk barna komma inn og uttrykka sine opplevingar med fargar og papir.

Her kjem litt bilder frå dagen vår på Funarte.












På lørdagskvelden var heile ped-klassen invitert opp på verandaen til vår kjære ped lærar. :) Me hadde ein koselig kveld med samtalar om våre opplevingar knytta til det me hadde opplevd på Funarte. I tillegg koste me oss med Pizza, øl, musikk og litt dramatisering. ;) Med andre ord, ein vellykka og variert kveld med noko attåt!




Nydelige jenter i solnedgangen. :)


Haha.. nydelige jenter + kjetil i solnedgangen. ;)





Guttaboys. :)Dei to einaste guttane i klassen. Glad for at me har dei. :) Vidar og Kjetil.





Glade nordlendingar med tørrfisken på plass. :)





Meg og mi kjære Trine Lise! :)









Etter mange gode samtalar og mykje moro på verandaen til Sonja, tok me beina fatt for å sjekke om utelivet i Esteli kunne måle seg med utelivet i Leòn. Det kunne det selfølgelig ikkje! Men det stoppa ikkje oss frå å ha det moro fordi. :)


Jenny og Katrine; mine herlige kompanjongar for kvelden. :)











Ei knapp veke etter turen til Esteli reiste me på ei ny utflukt til ein Kaffifarm nord i Nicaragua i nærheten av byen Matagalpa. :) Men den historien får du høyre meir om i neste blogginnlegg. ;)

Hasta luego!

onsdag 10. mars 2010

Kvalitetstid på stranda.. :)

Lørdag tok meg og Kine taxi ut til strandhuset til Rigo for å nyte ein herlig lørdagskveld i perfekte omgivelser. Strandhuset er ganske stort og har fleire rom til disposisjon. I tillegg er det hengekøyer ein kan benytte seg av dersom ein vil sove ute i frluft. Når me kom ut på stranda møtte me ein koselig gjeng med spanskstudentar som me tilbrakte kvelden med. :)


Meg og Kinemoren. ;) Legg merke til Kine sin fleksible og mjuke sittestil. hehe..



Ingenting er som ein kveld rundt bålet med nydelig utsikt ut over havet og stjernehimmel. :)








Har me da ikkje godt?? :D


Eller ka seie du Kine? ;)

Kvelden var både vellykka og bra! Dagen derpå var avslappande og deilig. Vi tilbrakte heile dagen på stranda og gjorde absolutt ingen verdens ting, ein perfekt søndag.. :)





Me hadde fin utsikt! :)


Hehe.. Legg merke til dei to eineste jentene med noko kvitt på hove.. ;) Meg og Kine får stadig spørsmålet, "koffor har deko ein singlet på hove??" Ingen andre forstår at det er viktig å beskytte hove mot sola. ;) hehe..eg trur at dette har blitt meg og Kine sitt kjennemerke. :)





Takk for ei super helg, folkens! :)

mandag 8. mars 2010

Sånn går nu dagan.. :)

No blir det berre lengre og lengre mellom kvart blogginnlegg ser eg.. :) Men eg skal prøve å vere flink til å oppdatere ein dag i veka. Dagane her nede går så utrulig fort, og det blir vanskeligare og vanskeligare å sette seg ned å skrive blogg.

Studiene går ganske bra. Men det er vanskelig å få tid til effektiv lesning, det blir helst små, små leseøkter innimellom. Men det er bedre enn ingenting. :) Ellers så er vi i praksis for tida. Meg, Kine og Kjetil er på ein liten privatskule der det er mindre klassar enn på dei store offentlige skulane her i Leòn. Me er for det meste på ei barnegruppe med 4 og 5-åringar. Men me har vore ei veke med dei minste, altså 2 og 3 åringane.


Dette er den minste barnegruppa.




Kviletid. Skuledagen er frå 08.00 til 11.30, men ein liten kvil blir det plass til. Men den er liten. Når barna har lagt på bakken i 5 minutt, er kviletida slutt. ;)


Dette er den klassen me er mest med. Ein kjempe herlig klasse og ein veldig koselig og omtenksom lærar. :)



Her viser eg bilder eg har med meg fra Norge. Og når læraren såg huset til meg og mamma spurte ho om ho kunne vere med meg heim i kofferten. Her ville ho bu. Dei synes og det var veldig spennende å sjå bilde av snø og skigåing. Han som står i bakgrunnen er Rolando, tolken vår. :) Han er god å ha når spansken vår er så som så. ;)



Me hadde med oss frukt til ungene ein dag. Til vanlig så et dei ikkje lunsj, men dei kjøper seg chips, slikkepinnar og søte kjeks. Frukten vi hadde med var i hvertfall suksess og barna fekk ein dag med et litt sunnere alternativ. Me spurte læraren vår koffø dei berre hadde usunn snacks, og ho sa at dei hadde prøvd før, men barna foretrakk snop. synd, men sånn er det..