mandag 8. mars 2010

Sånn går nu dagan.. :)

No blir det berre lengre og lengre mellom kvart blogginnlegg ser eg.. :) Men eg skal prøve å vere flink til å oppdatere ein dag i veka. Dagane her nede går så utrulig fort, og det blir vanskeligare og vanskeligare å sette seg ned å skrive blogg.

Studiene går ganske bra. Men det er vanskelig å få tid til effektiv lesning, det blir helst små, små leseøkter innimellom. Men det er bedre enn ingenting. :) Ellers så er vi i praksis for tida. Meg, Kine og Kjetil er på ein liten privatskule der det er mindre klassar enn på dei store offentlige skulane her i Leòn. Me er for det meste på ei barnegruppe med 4 og 5-åringar. Men me har vore ei veke med dei minste, altså 2 og 3 åringane.


Dette er den minste barnegruppa.




Kviletid. Skuledagen er frå 08.00 til 11.30, men ein liten kvil blir det plass til. Men den er liten. Når barna har lagt på bakken i 5 minutt, er kviletida slutt. ;)


Dette er den klassen me er mest med. Ein kjempe herlig klasse og ein veldig koselig og omtenksom lærar. :)



Her viser eg bilder eg har med meg fra Norge. Og når læraren såg huset til meg og mamma spurte ho om ho kunne vere med meg heim i kofferten. Her ville ho bu. Dei synes og det var veldig spennende å sjå bilde av snø og skigåing. Han som står i bakgrunnen er Rolando, tolken vår. :) Han er god å ha når spansken vår er så som så. ;)



Me hadde med oss frukt til ungene ein dag. Til vanlig så et dei ikkje lunsj, men dei kjøper seg chips, slikkepinnar og søte kjeks. Frukten vi hadde med var i hvertfall suksess og barna fekk ein dag med et litt sunnere alternativ. Me spurte læraren vår koffø dei berre hadde usunn snacks, og ho sa at dei hadde prøvd før, men barna foretrakk snop. synd, men sånn er det..



4 kommentarer:

  1. Hehe, "barna foretrakk snop", såklart gjer dei det :p Godt å høra at de kom med litt frukt til dei. Kanskje eg kan reisa på studietur dit om nokre år og, då har sikkert tenna deiras blitt fine :p h

    SvarSlett
  2. Det var det eg viste! Tannlegar er egentlig glad for at ein et snop! He, he... Så artig å sjå bilder i frå barnehagen. Det var sikker veldig interssant å sjå bilder frå Lofthus. Du fortalte dei vel om NM i morellsteinspytting? Neste gang de tar med frukt så må det bli moreller så kan de arrangera i morellstein spytte konkurranse i barnehagen! (NM=Nicaragua Mesterskap!)

    SvarSlett
  3. Hehe, Nicaraguamesterskap ja ;)
    Og nei, klart me ikkje vil at folk eter snop!! Ka trur du?! ;)

    SvarSlett
  4. hehe.. :) Nei, snop er ikkje bra. Ungene flyr jo rundt hyperaktive heile dagen. Det er gale for meir enn tenna for å sei det sånn. :)

    SvarSlett