lørdag 30. januar 2010

Mangrovesafari forts..

Og til mamma: No må du først lese dei to innleggene som står under. For her er det tre nye innlegg og dette innlegget er fortsettelse på innlegget under. hehe.



Her hoppa me av båten og gjekk ei halv mil på stranda tilbake til utgangspunktet.





På stranda møtte me på ei diger skilpadde. Den var på veg ut i havet, men guiden vår fann ein lokal gutt og løfta den opp igjen slik at me skulle få ta bilde. hehe.. huff, stakkars skilpadde. ;)










På slutten av safarien måtte me gå over elva med vatn opp til magen. Gjett om det var nokon som var reddd for krokodillar og slangar. ;) Men det gjekk bra. Men godt å kjøle seg ned var det hvertfall. :)



Når me kom fram me tørste og slitne, så då blei det una, dos, tres, quatro cervezas. :)





Guiden vår for dagen. Han er forresten indianar. :)





Når seks nordmenn samles og tar seg litt øl på tom mage, seier det seg sjøl at lydnivået stiger i takt med humøret. Nokon nordmenn hørte kaklinga vår og kom bort og slo av ein prat. Han i kvit t-skjorte er lærar på u-landslinja på sund folkehøgskule i Nord Trøndelag. Dei var på studietur til Nicaragua i 2 måneder. Så den folkehøgskulen og linja anbefaler eg for unge lovende!! :)



Når me skulle heim igjen til Casa Iguana blei me kjørt av ein lokal helt i den åpne og luftige bilen hans. ;) I 100 km i timen håpte me på at han ikkje skulle bremse. Kem veit kor me hadde endt opp då.. ;) hehe. Men stemninga var høg og me hadde me oss to lokale indianarar som satt bakerst og passa på.






Her tar eg bilde ut takluka. Veiane er faktisk veldig bra her nede, så det er litt betryggande. :)

Hasta la vista! No er det nok for denne gong. :)

Me har da veldig bra og storkose oss! I kveld skal me på reggea-konsert på markedsplassen, det blir ein ny opplevelse. :)



Safari i Mangroveskogen

Her om dagen var me på safari i Mangroveskogen. Mangroveskog består av tre og buskar som er tilpassa til å vokse i tropiske strøk. Me kjørte med båt inn i et brakkvatn som er blanding av sjø og vatn. I begynnelsen var det åpent og bredt, men jo lengre inn i skogen me kom, dess tettare voks tredna.



Her sitter me og eter lunsj før safarituren vår.



Utganspunktet vårt for turen var denne nydelige paradishavna. Her var det fullt liv og mange lokale som budde. Læraren vår, Elisabeth bur også i nærheten her.








Meg og jannike med ein mangrovebusk, elisabeth (spansklæraren vår) i bakgrunnen. :)

Eg har funne havregryn!!!! :D

Hurra, som overskrifta seier har eg funne havregryn. Ekte havregryn!! :) Det var et gledens syn. Her finner du berre lys loff eller lyse "grove" brød, så det skal bli godt å kompansere med litt fiber-. :)

Etter ei hektisk og intensiv veke på spanskkurset har helga endeleg inntatt Casa Iguana. :) Her blir det berre varmare og og varmare, både om natta og dagen. No er det opp i 30 grader om natta, og det er varmt på et rom utan air-condition. Men overraska nok så går det veldig bra. :) Svette har me vent oss te for å sei det sånn.

Ellers så kan eg sei at eg er ein stor tilhengar av den livsstilen og livsfilosofien som er i Nicaragua. Som spansklæraren vår sa: I Nicaragua står alt skrevet i sand, mens i Norge står alt skrevet i stein. I nicaragua veit du aldri korleis dagen kjem til å ende før du har opplevd den.

Her kjem litt bilder frå kvardagen her nede:



Bønner og ris til frokost. :) Me får mykje variert og spennande mat her nede.




Her er me ute og eter på ein veldig god pizzarestaurant. Menyen bestod av ein pizza og 2 mojito for ca 100 cordobas (ca 35 kroner).







Her pakkar dei inn maten for oss, slik at vi kunne gi den til sultne gatebarn. Dt er visst vanleg her. Huff, det er mange tynne barn som går rundt i gatene. Vanskelig å sjå på, men det er godt å kunne gi litt til dei. Dei blir veldig glad berre for ei lita banan også..




Her er me på vei i taxien tilbake til Casa Iguana. Og det er ikkje fullt før det renner over for å sei det sånn. Me pressa seks jenter inn i ein liten taxi på størrelse med ein polo heime i Norge. Sjåføren får 15 cordobas (ca 3 norske kroner) for kvar person, så får han gjelder det å få taxien så full som mulig.

tirsdag 26. januar 2010

muy bien muy bien

No har me vore i Leòn i to dagar. Sjølv om me fortsatt er i startfasen på spanskkurset merkar me allereie at kommunikasjonen med dei lokale går bedre og bedre. Me er på skulen kvar dag frå 8 til 12 og har intensiv spanskundervisning.I tillegg til vår norske spansklærar, har vi også ei lokal, veldig hyggelig dame som berre snakker spansk til oss. Ho utfordrar oss til å prøve og feile. Og vi forstår ho bedre og bedre for kvar time, så det er veldig kjekt å sjå at alt strevet kjem oss til gode! :)


Ellers så har vi hatt vår første "sole-dag" i dag og prøvd oss forsiktig med faktor 30. Nåken er endå meir fornuftige og bruker faktor 50. ;) Sola er utruleg sterk her, men det er kjekt å sjå at me endeleg får litt farge på den kvite kroppen vår. Om fargen er rød eller brun spelar for oss nett no ingen rolle. Stranda med studiesenteret er heilt fantastisk og havet har ein veldig deilig temperatur, og bølgene er midt i blinken for oss leikne "soon to be" førskulelærarar. :)

Vi er i feriemodus alle sammen og studentlivet har aldri vært bedre. Leòn er ein fantastisk sjarmerande og koselig by og sjølv om den er ganske stor har vi begynt å bli kjent i gatene. ikkje eg då, eg eie jo ikkje retningssans. ;) I dag har nokon av oss vore på ein liten sightsing runde og me like da me ser! :) Her kjem litt bilder

Hasta la vista baby!

























mandag 25. januar 2010

Me har da topp! :)




Etter ein lang, turbulent, men dog underholdande flytur (ikkje sant Randi;)) har me endeleg kome vel fram til Leòn i Nicaragua. Det var deilig å flykte frå den kalde og mørke vinteren i Norge og kome ned til den gode varmen og atmosfæren som er her. Temperaturen ligger på rundt 30 grader, men desember og januar er dei kaldaste månadane, så me får forberede oss på svette og varme dagar. :) På rommet vårt er det ikkje air-condition, men ei vifte som holder temperaturen på eit leveleg nivå.







Her er bilde frå Gardermoen før flyreisa til London. :) Eg trur servitørane såg at nokon av oss var litt nervøse for flyturen, så me fekk spesialservering med overfylte glass med vin og øl. Dette gjorde at steminga fauk til vers. (bokstavelig talt) hehe.. :)





Eg er fullt klar over at bloggen min er rotete, men det får no så vere. :) Her kjem i hvertfall nokre bilder frå Casa Iguana, der me bur. :) :)

Det er ikkje berre bloggen min som er rotete... Rommet vårt.
Husk å kaste papir i bosset og ikkje i do!! ;)

Kjøkkenet vårt. :)








Litt bilder. Skrive når eg har meir tid.. :)



Skal bli godt å få farge på kroppen! ;)

Randi nyter livet! :)






Jentene utafor skulen vår! :)




Her skal vi studere i tre måneder! :)





På bussen på veg til skulen.







Jentene er klare for vår første spanskkurs-dag.







Eg stoorkose meg!! No skal me ut å ete middag, blir spennande å sjå om me forstår menyen. :) Eg er spesielt glad no for eg har fått meg skype. :) Då kan eg ringe til mine kjære; Lars, Elisabeth, mamma og Irene! :)
Skriver meir seinere.. :) Husk: No news is good news!