søndag 17. januar 2010

Reisefeber..


No er det ikkje mange dagar til reisa mi starter.. :) 23 januar setter eg meg på flyet.. Eg skal til Nicaragua for å studere fleirkulturell pedagogikk og avslutte mi utdanning i varmare strøk. Nicaragua ligg i mellom amerika og grensar mot Honduras i nord og Costa Rica i sør. Me skal studere i ein by som heiter Leon. Eg kjenner eg er veldig motivert og klar for mitt siste semester på førskulelærarutdanninga, og kva passar ikkje bedre då enn fire månedar i sol og varme...? :)


Reisefeberen har forøvrig meldt seg for ei god stund sidan og eg vekslar fint mellom å gle meg og å grua meg til turen.. Men slikt høyrer med. Mest av alt så ser eg fram til eit semester med gode venner, sol, varme, ein heilt ny kultur, mange gode opplevingar og ikkje minst: eit minne for livet! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar