tirsdag 6. april 2010

Påskeferie med Lars! :)

Ja, no kjem endeleg eit blogginnlegg som er litt meir dagsaktuelt enn dei to tidlegare innlegga. No skal deko få sjå litt korleis meg og Lars sin påskeferie har vore.:) Den har vore varm, fin og varierande. :) Det var i hvertfall veldig kjekt med besøk frå kalde nord. :)

Ferien begynte med ein taxitur frå flyplassen til Leòn i 120 km i timen, mangfoldige forbikøyringar og selfølgelig, i klar Nica-stil, utan bilbelte. (Ikkje få panikk mamma) hehe. Me hadde oss to rolige dagar i LeÒn, på hotellet med herlige Marita og Gøran, og her fekk Lars prøve ut om han hadde sterk nok solkrem. Det gjekk bra. :) Etter eit par dagar i Leòn reiste meg og Lars sørover mot San Juan Del sur. Her hadde vi på forhånd reservert oss ein leilighet mitt i sentrum. Irish House. Her måtte dei vel ha bra Irish Coffee??? :) Om dei hadde det, får deko sjå lenger ut i blogginnlegget. ;)


Her budde me. Leiligheten vår var den som er i midten. Med balkong og alt. ;)


Her ser du bilde av eigarane av baren og huset. Ei irsk og hyggelig dame, Elishia, og hennar mann Roberto. :)





Stilig bar!! :)

I San Juan del sur har eg vore på før, og då budde me på luksushotell. (Dei trufaste lesarane av denne bloggen, hugsar nok blogginnlegger frå ei "helg i luksus".) Dette hotellet reiste meg og Lars opp på to dagar og nøyt to heile dagar i luksus. ;)



Det er mykje trapper opp til dette luksushotellet, og eg måtte sjølsagt bære sekken, eg skulle jo trene. ;) hehe.




Lars måtte ha seg ein pause i trappene.. hehe.. neida. ;)







Nyter ein margarita på bassengkanten. Kan det bli bedre? :)




Sjølv om livet ved bassengkanten var både avslappande og godt, hadde me òg vett til å sette oss litt i skyggen og nyte god middag og god vin. :) Med solnedgang og utsikt over san juan del sur.





Irish coffee!! :)




Ja, dette var rett og slett den beste irish coffeen eg har hatt nokon gong. Skal mykje til for å toppe den, men dei som vil ta ei utfordring kan sjå på oppskrifta her. Men hemmeligheten er; ekte irsk whiskey!

Fortsettelse følger. Meir om påsken kjem i neste innlegg.

torsdag 1. april 2010

Matagalpa!

Helga etter Esteli, var det ein liten gjeng som dro til ein kaffifarm langt, langt oppi fjella. ;) Matagalpa er ein by som ligg litt lengre nord i Nicaragua enn Leòn. Matagalpa er ein fjelllandsby med ein meir behagelig temperatur enn Leòn. Frå Matagalpa tok bussen oss med på ein strabasiøs veg opp i fjella. Her endte me opp på ein koselig liten kaffifarm langt vekk i frå all anna sivilisasjon. Her var det ingen telefondekning, så me nøyt helga i vissheten av at me var heilt utilgjengelige for omverdenen. Deilig! :)

På kaffefarmen var det ein frodig og flott natur med eit yrande dyreliv. Her følte du at du gjekk rundt med øresus og tinitus konstant, men du kunne trøste deg med at det var berre alle de tusen innsektene som stemte i. :) I tillegg til innsekter, var det mange forskjellige fugleartar og apekattar. :) Vart du ikkje vekt av hanen klokka 4, kunne du vere sikker på at du vart vekt av alle brøleapene kl 6. :) Dette var med andre ord, ei eksotisk helg i flotte omgivnader.


Nesten lika fin natur som i Norge. ;)


Katja :)

Frå farmen gjekk me til ein liten foss og bada i ein lagune. Skikkelig deilig og forfriskande.






På turane våre rundt i den flotte naturen rundt kaffifarmen, hadde me ein eksemplarisk guide som tok oss rundt og som passa på at me ikkje gjekk oss vill. :)





På kvelden var det "sosialt samvær" med middag og quiz. Her ser deko laget som låg i toppskiktet begge kveldane. ;)




Stilige ølglass ikkje sant? :) Nica-style.



Me var ikkje mange som reiste til Matagalpa, halvparten av alle kulturstudiestudentar låg sjuke me eit magevirus heime på hostella. Eg hadde heldigvis klart å unnsleppe dette viruset, men det var ikkje lett. Harde verkemiddel måtte til. Hendene mine var tørre som sandpapir pga overforbruk på antibac, og armane mine var støle og slitne etter å ha åpna dører og skrudd av vannkranar på merkverdige måtar. ;)Eg skulle ikkje bli sjuk. No hadde det seg slik at på bussturen til kaffifarmen var det nokon som vart sjuke, og fleire merka dei same ubehagelige symptoma utover den første kvelden i Matagalpa. Panikken spredde seg blant oss som fortsatt hadde klart å unnsleppe dette viruset, og hardarde verkemiddel måtte til. Eg skulle ikkje pusse tenna i "sjukevasken" så eg brukte opp alt det dyrebare flaskevatnet mitt og stod ute i naturen og pussa, i typisk hytteturstil. ;) "Me har ikkje meir moro enn ka me lage sjøl! ikkje sant, folkens?" :) Litt bakgrunnsinformasjonen føler eg på sin plass no: Eg er jo hyperhypokonder av natur, så det er bakgrunnen for min snåle oppførsel i denne epidemitida me gjekk igjennom her. hehe.. men no skal no det som seiast; eg klarte ikkje å sleppe under viruset eg heller, og sleit med det nokre dagar no mens Lars har vore på besøk. Makan til bedre tidspunkt skal du leite lenge etter. ;) P.s: Lars slapp unna! hehe.



Fin stil? ;)

Det var jo forresten ikkje berre sjukdom me trengte å bekymre oss over. Har eg nevnt alle innsekta?? ;)




Eg blei vane med dei til slutt. Det var jo egentlig ikkje så vanskelig, sidan det berre var skalla til innsektene. ;) M


Her kjem litt bilder frå den strabasiøse vegen opp til farmen:)

Sandsekkar var nødvendig å legge ut slik at bussen ikkje skulle ta nedi.




Flink sjåfør. ;)


Sikkert ekstra kjekt for han med norske publikummarar med kamera i front. :)Me måtte jo sjølvsagt ut av bussen på slike parti som dette.


Takk for nok ein herlig tur med ein endå herligare gjeng!
Hasta la vista baby! :)