Huff, det blir veldig lite blogging for tida altså.. Det er travelt her nede og det skjer noko heile tida. I helga tok heile gjengen eit lite avbrekk frå kvardagen her i Leòn og dro til ein liten surfeby nær grensa til Costa Rica, San Juan del sur. Me var 6 jenter som ville ha endå meir luksus, hehe, og bestilte oss like gjerne overnatting på eit av dei flottaste luksushotella i Nicaragua.
Her kjem først litt bilder frå helga.

Meg og Gro Anita nyter livet med bassengkanten.

Mens Line nyter "happy hour" ved bassengkanten. ;)




I tillegg til å nyte livet med bassengkanten, som seg hør og bør når du bur på eit så flott hotell, måtte me og ut å sjekke nattelivet i San Juan. Det var ikkje så verst det heller. :)

Fredagskvelden var det "happy hour" på hotellet, det passa jo heilt perfekt på min bursdag. Det var ein herlig kveld, med ein herlig gjeng!


To damer me blei kjent med frå Massachusetts. Meg og Marita brukte ei god stund på å lære oss å uttale navnet på staten riktig, men no er me ekspertar. ;)

Bill. Hyggelig kar, frå Massachusetts han og.

Her kose me oss på ute på det som blei stamplassen vår, Iguana bar. :)

Lørdagskvelden

På den siste kvelden bestemte me oss for å ete middag på ein anerkjent restaurant i San Juan. Colibri. Maten svarte til forventningane og restauranten hadde sitt eget personlige preg. Ho som dreiv restauranten var frå Irland og hadde innreda restauranten med gjenstander ho hadde kjøpt eller fått frå forskjellige land i verden.




Fortsettelse følger. No er det la fiesta en la playa!! :)